Den lyse tekstilen over her er laga av ubleika lin og truleg frå 1800-talet. Det er frå gamalt fleire nemningar på desse kvite avlange tekstilane med mønster i eine enden – julehandkle, handkleflette, handkle, likkross. Mønsterborden er firfletta rett frå efsingen når veven var ferdig.
Firfletting er den eldste teknikken på desse flate tekstilane – kjent tilbake til sagatida. Seinare vart det også vanleg med andre teknikkar som blei sydde fast på stoffet. Det kunne vera både sprang, telemarksbinding, makramè eller hekling. FOTO Cecilie Authen