Kjelder

thumb_kjelder

Truleg har teknikk og mønstre vandra over landegrenser og spreidd seg frå dalføre til dalføre.  Ofte var det konene til embetsverket som fyrst lærte seg å firflette og spreidde det seinare til allmogen då dei kom flyttande med sine menn.

Skapartrong

Kopiering har nok vori den mest vanlege tilnærminga, men somme har truleg også utvikla sitt eige formspråk.

Det kan ha vori viktig å syne for andre at ein kunne mange mønster eller gje grobotn for skapartrong i eit personleg uttrykk.  Me ser knapt to mønster som er like.  Somme kan ha hatt firfletting som leveveg, andre som attåtnæring, men dei fleste har truleg firfletta i verdefulle fristunder.  Det seiest at hendene til kvinnene skulle aldri kvile.  At nokon hadde dette som leveveg eller attåtnæring kan ha hindra tradering – firfletting har blitt sett på som ein bedriftsløyndom.  For andre kan det ha skorta på interesse eller tid.   

 

Handverket i dei historiske kjeldene

Det er frå gamalt fleire måtar å flette på.  Anna Grostøl fortel frå Rørosbygdene om Petronelle Feragen (f.1858): «Ho flette korkje rett som i Mandalen eller som i Gjerstad».. …Dei opne roma mellom firkantane med fast botn, kalla mor hennar «veia».  Nå skal me «lage veia», sa ho, og tok til å bytte trådane om ein annan, bakanfrå og framover.  «Veian æ på skrå», forklarte ho…og alltid er der to tråder i kvar tott, til denne flettinga» (Anna Grostøls samlinger 1938:252). 

Eg har dessverre ikkje funne at Grostøl fortel meir om teknikken frå Mandalen.  Men Bang & Arneberg gav i 1926 ut ei lærebok om firfletting og forklarar der ein teknikk som kan likne teknikken i Mandalen fordi det skal flettast horisontalt (viss det er dette Grostøl meiner med «rett»?):

"Nogen legger simpelthen stoffet foran sig i fanget mens de fletter, men da dette fordrer stor øvelse, vil det for begynnere være mest bekvemt å legge det på et rettkantet bord så flettetrådene henger ned.  Tøiet må da holdes på plass av  nogen tunge ting.  Eller også kan det festes med nåler på en systen (en mursten isydd tøi e.l.)…Man begynner fra venstre og teller ut 8 tråder som altså deles i 4 totter…For å lette forklaringen, nummereres tottene fra venstre 1,2,3,4 - de to første i venstre hånd, de øvrige i høire med pekefingeren mellem tottene.  Nu legges 1 over 2 og 4 under 3.  Så krysses 4 og 1 slik at 4 går over 1…Deretter legges 4 under 2 og 1 over 3 videre 4 over 2 og 1 under 3, så 1 og 4 krysses o.s.v.…Hver slik sammenfletting kalles en omgang.  For hver omgang trekkes trådene godt sammen så fletten blir fast, og når man går videre, legges trådene imens op på arbeidet"(Bang & Arneberg1926:5-6 og Anne Grostøls samlinger 1938:252)

Ei kone i Gjerstad som hadde lært teknikken når ho var ung (Fru Anne Eikeland f.1864) fortel om ein teknikk der ho heile tida fletta på skrå: "Arbeidet sette dei fast på kneet.  Tråden kunde stundom vere laus.  Men da måtte dei tvinne trådane litt mellom fingrane.  Det var vanleg, det.  So tok dei til frå venstre, og flette på skrå nedover.  Fyrst la ein den ytste tråden frå venstre over den andre frå v. og inn mot midten.  Og so tok ho den ytste tråden frå høgre, og la han over tråd nr.2 og under den som kom frå v.  Drog til etter kvart tak…Nei, ho visste`kje noko um at der var noko sers å passe på,  med å hale trådane på nokon måte for å få djup reit i midten eller slik.  Og til slutten var det bare å ta og setje ein knute med båe trådane, ikkje to knutar som på gamle sprang "(Anna Grostøls samlinger 1936:241). 

Dalarna museum har gjeve ut eit hefte der dei syner teknikken ved hjelp av teikningar.  Ut frå denne ser det ut som dei flettar horisontalt.  Det er vanskelegare å forstå mønsterteikningane om ein skal flette på skrå.  Dei ulike elementa i firfletting er overført til «ikoner» slik ein t.d. gjer i hekling.  Denne måten å syne teknikken på har eg ikkje sett andre stader.

 

Ragnhild Onstad

På midten av 1970-tallet samla Ragnhild Onstad flatemønster i firfletting frå Valdres.  Ho registrerte 22 ulike flatemønster, dei fleste med diagonale verknader.  Sjølve fletteteknikken forklarar ho på ein måte som liknar Bang & Arneberg si framstilling.  Men hennar råd til slutt er: «Til alle mønster med store ruter er det best å flette radene (omgangane) på skrå, frå stoffet og ned i venstre jare.  Då «låser» ein flettene slik at dei ikkje glir opp att» (Onstad 1975:2).  Dette gjer at hennar teknikk må likne den i Gjerstad.

Onstad seier vidare at for å ha ei behageleg arbeidsstilling er det best å ha eit stativ å henge arbeidet på.  Eit tjukt mørkt klede i ei kontrastfarge er godt å ha under.  Då er det lettare å sjå trådane og ein har noko å setje fast nåler i som lettar arbeidet.  Ein annan måte er å legge arbeidet på kanten av eit bord med ein tung gjenstand på slik at det ligg stødig.  Før ein set i gang er det lurt å rekne og måle ut kor mange mønster ein får plass til og starte slik at ein får jarane mest mogleg like.  Dette kan regulerast litt ved å setje inn hjelpetrådar med jamne mellomrom.

Eg har dessverre ikkje klart å finne personar i Telemark som kunne lære frå seg denne teknikken.  Det er ikkje rart for også Grostøl etterlyste folk med slik kunnskap i Telemark: «Eg fann ingen som hugsa arbeidet frå gamalt» (Anna Grostøls samlinger 1935:239).  I nyare tid veit eg at Målfrid Gysereid har halde kurs i firfletting i Bø (ho er no død).  I 1973 var det fleire som lærete teknikken av henne.  Eg kjenner ikkje til at nokon av desse praktiserer handverket nå.  Ein av elevane på kurset (Aslaug Torstveit) fortel at dei hadde arbeidet liggjande på bordet og fletta på skrå nedover mot venstre, altså liknande metoden i Gjerstad.

 

Spesialistar

Sjølv om teknikken kan seiast å vere enkel er det ikkje sikkert at så mange på bygdene praktiserte handverket.  Flatemønster som er bevarte fortel likevel om ein god kvalitet på utføringa.  Alle var ikkje like flinke, dei hadde ikkje same «handlaget» eller same sans for komposisjon. 

For dei som hadde eit godt handlag fall det gjerne naturleg å gjera det til eit slags «bytte-arbeid», og smått om senn veks det fram spesialistar på bygdene som tok seg av dette arbeidet (Breivik & Rydland 1987:277).  Anna Grostøl fortel: «Ingebjørg Bråten fletta mykje.  Eg fann fleire stader arbeid etter henne.  Det var ho «som fletta sist her» sa alle» (Anna Grostøls samlinger 1936:241). «Fru Gjertrud Skott, f. Lien har lært å flette av bestemor si.  Ho er fødd i 1895.  Og har fletta ikkje lite.  Det er det same mønsteret allstad» (Anna Grostøls samlinger 1938:252).  Frå Iveland i Aust-Agder forteljast det om Anners Spjote som hadde svak helse: «Så lærde mora han å veva og spinna.  Og til å laga - «knyte» - det ein no kallar firfletting.  Når han skulle laga slikt, sa dei at han rende mellom trea i skogen.  Nei, korleis han gjorde, visste vel ingen no.  Der er ikkje att noko på Spjote etter han.  Han arbeidde slikt for folk» (Anna Grostøls samlinger 1941:243).  Ein kan av og til (i andre samanhengar) sjå at gjenstandar eller tekstilar har bumerke.  Det støttar oppfatninga av spesialisering.

 

Kva kan ein kalle eit slikt flettearbeid?

Historisk ser det ut som det er mest vanleg å kalle det for «flette» eller «handkleflette», som informanten Nordbø kallar det. I Telemark synast «ei  flette å vere fellesnamn på allslags stas i enden av dukar og handklæ.  Men bare i eine enden, sa dei gamle…I Vinje sa dei flette um alt, og sameleis i Tinn.  «Ei hekla handklæflette» kan ein segje her» (Anna Grostøls samlinger 1935:239).

Frå områdene rundt Røros finn vi nemninga «knyting» og «sprang» (Anna Grostøls samlinger 1938:252).  I Sverige kallar ein det ferdige arbeidet: «fläta, flätta, fletå, flätning, flätkrus», eller det har fått namn etter kva det skal brukast til: «väggkrus, förlåtskrus, hyllfrans, handklädekrus» (Dalarna Museum 1973:2).

 

Litteratur

Bang, Rikke & Halfdan Arneberg 

1926

Firfletting.  Veiledning og mønstersamling, Oslo:Cappelens forlag 

Breivik, Olga & Ingebjørg Rydland

1987

Teknikkar, av Skriftnemnda for bunader i Hordaland,  Bunader i Hordaland : 277-282, Bergen:Universitetfolaget 

Dalarna Museum

1973

Fyrflätning.  Faktahäfte, arbetsbeskrivning och mönster 

Grostøl, Anna

1932

Anna Grostøls samlinger.  Upublisert manuskript og fotosamling.  Norsk folkemuseum  

Onstad, Ragnhild

1975

Gamle firflettingsmønstre.  Eige forlag 

Onstad, Ragnhild

1999

Firfletting.  Gamal teknikk – framleis i bruk.       Ein instruksjonsvideo eller DVD om firflettingsteknikken.                                                Øystre Slidre Husflidslag

 

Kontakt

torhild

Torhild Aavik
Øvre Borgvin 18
3800 Bø i Telemark

 

tlf 35 95 18 92
mob 48 22 19 56
 
org.nr. 981 381 270
kontonr. 2630.05.12991

Brosjyre om firfletting

La deg inspirere av Picasso

logo_picasso