Nytt av gamalt
Firfletta nøkkelring, brett eller julekort er ei god gåve til den kulturelt interesserte person. Materialene kan vera ull eller plast. Godt handtverk er sjølvsagt. Kjøp ein bit gamal kulturarv i dagens formspråk!
Kurs og kreativitet - prøv å firflette sjøl
Bruk kreativiteten din på å lære ein ny teknikk. Kurs blir satt opp etter avtale. Du lærer å firflette grunnbinding, store kryss, store hol og vegar. Da kan du nok til å dei fleste gamle mønstre. Blir det satt opp meir tid på kurset kan du også få prøve deg på å etterlikne eit gamalt mønster eller komponere noko nytt.
Utleige av brudepynt
Det spesielle settet "Isdronning" har brurekrone og muffe i klar cellofan, ståltråd og dekorert med glasshjerter. "Nattdronning" er eit sett i svart plast, ståtråd og raude hjerter. Muffene kan erstatte brudebuketten og skal bærast på høgre handa. Utleige etter avtale.
Brudestasen vann 1. premie i Norges Husflidslag sin landsdekkande konkurranse "Identitet - Idè i tet" i 2012.
Firfletting er snart bare lagra som produkt i musea sine magasin
I gamle dagar var firfletting ein kjent teknikk over heile landet. Firfletting er i dag raudlista av Norges husflidslag. Det er snart slutt på folk som kan firflette på gamlemåten.
Anna Grostøl laga ein film (stumfilm) i mellomkrigstida om firfletting og konstaterte at det allereide da såg mørkt ut for handtverket.
I dag er det Midt-Telemark og Valdres som kjenner denne vakre teknikken og tradisjonen med julehandkle.
Her er Digitalt fortalt om firfletting.
Her er ein NY introduksjonsfilm om firfletting som Norges Husflidslag står bak (sepember 2014).
I 2004 blei enkeltføretaket FIRFLETTA starta i Bø i Telemark. Bedriften er tilslutta Nettverkskreditt Telemark og Husflidshandverkarane i Telemark.