Juletradisjon

002

I Midt-Telemark og Valdres er det fortsatt tradisjon å bruke julehandkle.  Dei kvite tekstilane blir hengt opp som julegardiner eller til dekorasjon frampå eit kristnateppe. Biletet er frå Telemark

Juletradisjon

I Valdres finn vi tradisjonen i dei to bygdene Øystre Slidre og Vang, men i noko ulik form. Kvar jul heng dei i begge bygdene opp eit fargerikt teppe i skillbragd, kalla «Kristnateppe». Dette teppet blir pynta med eitt eller to julehandkle i kvit lin.  I Øystre Slidre er julehandklea  pynta med flatemønster i teknikken firfletting, i Vang har dei telemarksbinding med filerte mønster (dei kallar denne teknikken berre filering)

 tradisjon_1

 

 tradisjon_2

   Fyrst når kristnateppet med julehandkle i firfletting er på plass, er det jul i Øystre Slidre                                                         (Bye 1999:3)                             

Foto: Anne Eriksdatter Bye. 

 

I Vang pyntar dei kristnateppet med julehandkle som har telemarksbinding med filert mønster           (Bye 1999:9)                                                                    Foto: Anne Eriksdatter Bye. 

Måten julehandklea blir festa til skillbragdsteppet på er ulik i dei to bygdene.  I Øystre Slidre er det ein levande tradisjon å hengje opp to julehandkle, kalla «sjal», ved sida av kvarandre med ei kappe øvst.  Alt dette er utført i firfletting av renningstrådar.  I Vang er julehandkleet eit «sjal» med flatemønster i begge endane i telemarksbinding og filering som er sydd på til slutt.  Det hengjast opp midt på teppet og brettast slik at begge flatemønstra kjem fram. 

I dag treng ikkje desse hengjast opp framafor vindauget bak høgsetet som i gamle dagar.  Det er meir vanleg å hengje dei på ein passande vegg i stova, eller bak bordenden der husfolket sit og et.  Før i tida var det vanleg at «Joleklednaden», som dette kallast, kom på plass i 4 -5-tida når kyrkjeklokkene ringte jula inn (Veflen1966:2).  I dag er ikkje dette lenger så nøye, mange heng dei opp dagen før.  Juleklednaden blir teke ned att 20. dag jul.

I Midt-Telemark  (som i mitt tilfelle omfattar heile Bø og dei nærastliggjande delane av nabokommunane Sauherad og Nome) er det også ein levande tradisjon med julehandkle.  Frå gamalt blei dei hengt opp julekvelden i samband med at  «spikkebandet» eller juleneket blei sett opp ved låven (Gravjord 1983:23).  Det var nøye alle stader at det blei teke ned att 20. dag jul (13. januar).  I dag er ikkje desse tidspunkta så nøye for folk.  Det kan vere eit teikn på at tradisjonen er på veg ut?

tradisjon_3 

 

tradisjon_4 

Gunhild Nordbø syner korleis ho heng julehandklea opp under gardinbretta.

Eige foto

 

Aslaug Torstveit har pynta til jul med sitt sjølv-fletta julehandkle

Eige foto

Julehandklea kan vere laga av lin eller bomull og handverksteknikkane som er nytta kan vere mange.  Hovudskikken er at julehandklea blir hengt ved vindauga.  Nokon heng dei over oldemorstanga utanpå gardinene, festa med knappenåler, og nokon bytter ut gardinene og heng opp julehandkle i staden.  Tilpassinga til gardinene kan variere, julehandklea kan bli festa midt på gardina eller nærast veggen, nokon rynkar dei litt saman, andre rettar dei ut.  Det vanlege er at julehandklea blir hengt på gardinene i stova, men dei som har mange pyntar og gardinene i andre rom.  Som vi ser er dette ein tradisjonen som har individuelle uttrykk, men lever innafor ei attkjenneleg ramme. 

tradisjon_5 

Kråskap på Bø museum pynta med julehandkle       Eige foto

Skikken med julehandkle har også ei sideform.  Mange pyntar nemleg kråskap og golvklokker med julehandkle.  Desse er gjerne lengre og har flatemønster i begge endane. 

Som i Valdres er tradisjonen levande både på gardar og i einebustader.  I Valdres er det i gang kurs i handverksteknikkane og det er stadig etterspurnad etter materialar.  Derfor sel Husfliden på Fagernes heimevove linstoff som er spesielt tilrettelagt for dette.  I Midt-Telemark kjenner eg ikkje til noko tilsvarande og det lagast heller ikkje mange nye julehandkle.  Dei julehandklea som er i bruk er oftast arva eller kjøpt på auksjonar.  

Påverknad utanfrå

Formkulturen vil alltid ha lokale og individuelle tilpassingar, men det meste vil vere attkjenneleg over større geografiske område.  Denne kulturen har frå gamalt vore på vandring land og strand rundt og påverknaden utanfrå har alltid vore sterk.  Det gjeld også for den tradisjonen og den teknikken eg skal gå inn på.  Korleis denne påverknaden  gjekk føre seg har mellom anna dr. Nielsen omtala i 1881.  Han skreiv om kulturutviklinga til bonden dei siste 300 åra: 

"Der haves saaledes udtrykkelige vidnesbyrd om, at præstekoner haver oplært kvinderne paa landet i kvindelige kunster, som siden ere blevne almindelige paa den kant.  Gjennem auktionerne er der fra byerne og fra embedsgaardene paa landet kommet mange gjenstande ud imellem bønderne, som disse siden have efterlignet med større eller mindre selvstændighed og stadig anvendt.  Saaledes har den europeiske mode baade i dragter og andre henseender havt anledning til at ytre sin indflydelse paa vore bønders levevis. Kun har det lige til den sidste tid været saa, at virkningen har ytret sig meget sent.  Allerede byernes befolkning og embedsmænde laa i denne henseende længe efter sin samtid ude i Europa, og derfor maatte det endnu vare meget længre, inden de kunde virke paa folket i landdistrikterne" (Nielsen 1881:25).

 

Kva er eit julehandkle?

Julehandkleet er kvitt eller ubleika og har ei smal avlang form.  Det kan vere laga av lin eller bomull.  Karakteristisk er det at den eine eller begge tverrendane er pynta med flatemønster i ulike teknikkar.  Ein av desse teknikkane er firfletting.  Lengde og breidde kan variere noko. Namnet kan vere misvisande, julehandkleet er ikkje til å tørke hendene på, men derimot til pynt ved høgtider. 

I Valdres kallast desse «julehangkle» (Bye 1999:4).  Årsak til dette seier informanten Onstad er den lokale uttala av ordet og at det samstemmer med tradisjonen.  I Sverige kan namnet på tekstilen vere både «handkläde» og «hängkläde».  Dalarna museum omtalar tekstilane konsekvent som «handkläde», men ei teikning har fått påskreve «hängkläde» (Dalarnas museum 73:2).  Ei anna svensk kjelde, Nylèn, brukar berre «hängkläde» om denne tekstilen (Nylèn 1978:81-83).  

 Eg har her valt å bruke namnet julehandkle fordi det blir skreve slik lokalt, t.d. i bygdesoga for Bø (Lunde 1972:244).  Dessutan brukar Anna Grostøl dette namnet konsekvent.  Ho dreiv, særleg i mellomkrigstida, eit kulturhistorisk samlar- og granskararbeid over heile landet, drog rundt i bygdene, spurde seg fram til stader der det var gamle ting å sjå og møtte folk som kunne fortelje henne om gamle arbeidsteknikkar (Gauslaa 1987).

 

Bruk av tekstilane frå gamalt

Bruk av tekstilar til ulike formål har lange røter i norsk historie.  I følgje Landsverk var tjelding av hus ein vanleg skikk hos storfolk over heile det norrøne område som går tilbake til vikingetida (Landsverk 1967:38).  Når det skulle vere fest måtte kvinnene etter tradisjonen tjelde stova. «Kvinnene gjorde veggene reine for sot frå åre eller røykomn så høgt som armen

 tradisjon_6

Julebord frå Skansen i Sverige med «sotdript» i taket.  (Nylèn 1968:282)                                  

Foto: Nordiska museet

rakk når dei stod på benker eller pallar»(Landsverk 1967:36-37). Så hang dei opp tepper langs veggane i to høgder.  «Tjelda synest for det meste å ha vore vevnader av enklaste slag, utan mønster eller figurar i veven…Revlen (var) ei dekorativ frise i overkant av tjelda.  «Sotdript» var ein tekstil som truleg har vore spent under taket for å fange opp nedfallande sot o.l.» (Landsverk 1967:37-38). 

Åklea i tida etter reformasjonen hadde ein kombinert bruk som høgseteteppe og sengeklede.  Ein slik kombinert bruk må ein også rekne med i tidlegare tider.  I eit skifte frå Rofshus i Rauland i 1677 og frå Svalastoga i Grungedal i 1680, var det på den fyrste garden 40 tjeld og på den siste 44 (Landsverk 1967: 38-39).  Vi kan derfor rekne med at husa blei tjelda ved særskilde høve i det gamle bondesamfunnet. 

 

Spydeberg

Frå Spydeberg i Østfold fortel presten Wilse at han i 1760 hadde vore på julegjesting hos ein bonde i Eidsberg.  Der var «Høisædet belagt med Hynder, Væggen bagved fremviste en Malning i Form af en Altertavle, og ellers på Væggene havde man ophængt som Tapetserier nogle hvide, linnede Klæder med Fryndser» (Landsverk 1967:40).  Eilert Sundt skildrar korleis åkle kunne nyttast til ulike formål.  Ved «festlige Leiligheder» blei dei hengde opp som høgseteteppe, altså til pynting av huset.  Ved andre høve kunne dei nyttast som sengeteppe.  Dette er eksempel på ein temporær bruk (Landverk 1967:42).

 

Valdres og Hallingdal

Frå 1870-åra fortel H.A.Berg frå Valdres og Hallingdal: "Kvinderne havde ikke været lade paa sin Side, de heller, for om Julaften vaskede de Stuen, Gulv, Tag, og Vægge.  Saasnart dette var gjort begynte de at klæde Stuen.  Foran Høisædevinduet hængtes et Tæppe, udenpaa dette fæstedes to lange hvide Haandklæder, som langs den nederste Rand var forsynede med brede hjemmegjorte Kniplinger" (Landverk 1967:42-44).

"I Hallingdal klædtes endog Skabet og Fadhylden, og over alle Vinduerne hængtes ogsaa slige hvide med brede Kniplinger og Tafs pyntede Gardiner.  Regelen var at de skulde naa omtrent midt ned paa Vinduesposten... Gaardmandsdøtrene fik gjerne en saadan Stueklædning af Moder sin, naar de flytter hjem efter Bryllupet" (Landsverk 1967:44)

Store delar av Norden

 I gamle dagar var altså ikkje bruken av tekstilar så snever som han kjem til uttrykk i den levande julehandkletradisjonen vi har i dag.  Skikken med å kle bondestovene til høgtid og fest var tidlegare utbreidd over store delar av Norden: «Det er jo en eldgammel skikk i Norden ved fester å pryde stuen (hallen) med kvinnearbeider i vevnad og saum.  De løse firflettingsborder blev således hengt for vinduene - før gardiner kom - og langs hyller og bjelker opunder taket, især om julekvelden» (Bang & Arneberg 1926:4).  Frå Sverige høyrer vi at dei hengte opp tekstilar ved sengene, på golvklokka, i handklehylla og på «bostkastet».  Velståande kunne kle heile eller delar av stova med tekstilar. 

 

Bø i Telemark

Også frå Noreg finn vi tilsvarande skildringar.  Moltke Moe hadde den fyrste samlereisa si i Telemark i 1878.  Han fortel: «I Bø, hvor jeg oppholdt mig den længste tid, lever der endnu særdeles meget af de gamle folketraditioner… Folketroen og de gamle skikke er i Bøherad vistnok i aftagende, men lever dog endnu, på sine steder endog et kraftigt liv» (Liestøl 1925:V).   Liv Bratterud fortel til Moltke Moe:

 «Førr i tia bruka dom mykje «tæpen».  Dom va smøgd å sauma mæ kronesaum.  Å når dæ va gjestebo, så klædde dom lofte mæ dom.  Da hekk dom på stengar ronn` omkring ælle veggjene, å dær tæpena skjøytas (mødtes), dær hekk dæ handklæflettur; å bol mæ vøndeie hell hannreve (hannrev: vindu mæ dreia stølpar mest ute i svala) dær va dæ au handklæflettur; takje va fullt av kjell (tjeld) å bløyur å skjinnfellar.  Når dæ va rektig, sku dom ikkje sjå et trespik i lofte.  Likenens bruka dom klæ stugo, når dæ sku va gjestebo; men dæ æ lenger sea» (Liestøl 1925:100).

 Liv Bratterud fortel også:  «Mæ eg va ein vokstring, såg eg ofte, (at)… duken blei lagt på bole om juleftan å hannklæa hengd opp…» (Liestøl 1925:119).  Anna Grostøl var på samlereiser i Telemark i 1930-åra og snakka mellom anna med fru Særen frå Vinje om det ho kalla gamle dagar:  «Kring grautpann hadde dei handklæ med flete i eine endan av handklæet.  På dukar var det ogso berre stas i eine enden.  Eg såg då aldri gamle dukar med flette meir enn i eine enden…    det var høgsætenden, det» (Anna Grostøls samlinger 1935:237). ).  Ein annan informant frå Vinje (frk Signe Kårehommen f. 1906) fortalte at ho hadde høyrt at dei hengde «handklæ med flette på båe sider av vinduet i julehelga.  Nei, ikkje til andre høgtide trudde ho».  Fru Anne Norheim (Svenseid st. i Nome) f. 1856 fortalde: ««Je tys ikkje de bli jul før handklæa kjem opp», sa ho.  Då hadde dei slike fine handklær på båe sider av alle vindauga i stova, på båe sider av speilet, og båe sider av kroken» (Anna Grostøls samlinger 1938:1151). Grostøl fortel også frå Telemark at: «Handklæfletta hekk her utanfor kanten av sendingskorga, som var utan lok» (Anna Grostøls samlinger 1935:239). 

tradisjon_7 

Fig.8: I daglegstugo på Østigard Eika var det vanleg å pynte til jul med julehandkle.  Dei blei hengde på spiker eller trepinnar på kvar side av vindauga..  Biletet er frå 1920-åra.     Ukjent fotograf

 

 

Skriftlege publiserte kjelder 

Bang, Rikke & Halfdan Arneberg

1926

Firfletting.  Veiledning og mønstersamling, Oslo:Cappelens Forlag 

Bye, Anette  Eriksdatter

1999

Julehangkle på kristnateppe,                                              i Norsk Husflid 34 (6):4-11 

Bø, Olav

1988

Folketradisjon og kulturarv.                                  Oslo:Det Norske Samlaget 

Gauslaa, Torbjørg

1987

Ho samla inn vår levande soge,        i Fædrelandsvennen 30.12 

Landsverk, Halvor (red.)

1967

Gilde og gjestebod,                                                  Oslo:Det Norske Samlaget 

Liestøl, Knut (red.)

1925

Folkeminne frå Bø etter uppskrifter av Moltke Moe, Oslo:Norsk Folkeminnelag IX 

Lunde, Gunnar

1972

Bø-soga i Telemark.  Kultursoga,                             Bø:Bø kommune 

Nielsen, Yngvar

1881

Den norske bondestands kulturudvikling i de sidste 300 aar,   Kristiania:Alb. Cammermeyer 

Nylèn, Anna-Maja

1978

Hemslöjd.  Den svenska hemslöjden fram til 1800-talets slut, 4.opplag.  Lund:Håkan Ohlssons Förlag 

Onstad, Ragnhild

1975

Gamle firflettingsmønstre,  Eige forlag 

Onstad, Ragnhild

1999

Firfletting - Gamal teknikk - framleis i bruk,                Ein instruksjonsvideo om firflettingsteknikken              Øystre Slidre Husflidslag 

Rasch, Tone

1999

Om å pynte med julehåndkle,  i Bulletinen (22/4):10-11

 

Skriftlege upubliserte kjelder

Grostøl, Anna

 

Anna Grostøls samlinger,                                      Upublisert manuskript og fotosamling                            Norsk folkemuseum 

 

Kontakt

torhild

Torhild Aavik
Øvre Borgvin 18
3800 Bø i Telemark

 

tlf 35 95 18 92
mob 48 22 19 56
 
org.nr. 981 381 270
kontonr. 2630.05.12991

Brosjyre om firfletting

La deg inspirere av Picasso

logo_picasso