Teknikken

Firfletting_1beskore

Å forklare firfletting med ord eller teikning er vanskeleg – det er handboren kunn-skap.  Kvar av trådane  kallast tott og ein firfletter heile tida med fire tottar om gongen. 

 Firfletting   

 firfl_1

 

 firfl_2

 

 firfl_3

1. Startposisjon:  Hald to trådar i kvar hand.  Stikk høgre peikefinger ned mellom tottane i høgre handa og venstre peikefinger opp mellom tottane i den venstre handa.  Vri slik pilene syner.

 

2. Løft og før høgre hand mot venstre.

 

4. Legg alle tottane på høgre hand over dei på venstre peikefinger slik at tottane ligg på kvar side av dei som alleide ligg der.  Legg gjerne venstre tommelfinger over desse for å låse. 

 

 firfl_4

 

 firfl_5

5. Dra dei to tottane på høgre side av peikefingeren mot høgre. 

 

6. Vri nå venstre hand slik at peikefingeren peiker nedover. Legg tottane på venstre handa over i høgre ved å leggje dei inn mellom langfinger og ringfinger.  No er alle tottane i høgre handa.  Før hendene deretter godt frå kvarandre ved å ta dei to resterande tottane til venstre i venstre handa og stram til.

 Gjenta frå pkt.1.

 

Kvar tott kan ha ein eller fleire trådar.

For å kunne etterlikne alle gamle flatemønster må ein kunne fire basisteknikkar i firfletting.  Det er Grunnbinding, Store kryss, Vegar og Store hol.  Med denne kunnskapen kan ein etterlikne gamle flatemønster ved hjelp av ei visuell tilnærming.  Det er vanskeleg å nedteikne mønstra i eit system av koder.

 

Kontakt

torhild

Torhild Aavik
Øvre Borgvin 18
3800 Bø i Telemark

 

tlf 35 95 18 92
mob 48 22 19 56
 
org.nr. 981 381 270
kontonr. 2630.05.12991

Brosjyre om firfletting

La deg inspirere av Picasso

logo_picasso